Friday, December 22, 2006

Det var tider, det.

Det er ikkje så mange år sidan Mariah Carey var det store forbildet, og juleplata var det beste eg hadde hørt på lenge. Eg øvde og øvde på å synge akkurat dei trillane ho gjorde, og syntes nok eg fekk det ganske bra til. Mari må nok ha gjort det samme, for det var slik superduoen Unni & Gunni blei fødd - vi oppdaga at vi kunne akkurat dei samme sangane, på nøyaktig samme måte som Whitney/Mariah/Michael sang dei. Dette sparka i gang ein serie intimkonsertar, som var såpass intime at ingen fikk komme. Vi lessa Clavinovaen full med tente kubbelys, hadde tåredryppande introduksjonar til kvar song, og sang i vei med inderlig vibrato. Like greit at ingen hørte, dei ville ikkje forstå. Berre ein gong har det offentlege fått oppleve Unni & Gunni i herlig duett ("Hold me now", Johnny Logan), og då tok dessverre nervane oss litt på senga. Men vi veit sjølv kor flinke vi er.

Tuesday, December 19, 2006

Nok sutring!

No er det nok sutring om skrantande helse. Det har faktisk komt mykje positivt ut av denne kyssesjuka så langt, og meir skal det nok bli:
* Eg kan handle på nettet så mykje eg vil - må jo ha julegaver!
* Eg har stifta bekjentskap med mange fine medisinar eg aldri ville møtt uten kyssesjuka
* Eg har gått ned i vekt. Ikkje så rart, kanskje, når eg har ligge bom stille og ikkje ete på to
veker.
* Eg får lov å sove heile dagen
* Eg slepp å sminke meg
* Eg treng ikkje å vaske kle, går kun i pysj

Dagens höjdare er at eg no er i stand til å svelge heilt uten medikamentell hjelp, og at eg faktisk har på meg vanlige kle i dag (sjokk). Før du veit ordet av det, kan eg finne på å bevege meg ut av huset.

Friday, December 15, 2006

O smerte!

Nest etter fødsel, er kyssesjuka ein god nummer to når det kjem til smerte. Trudde liksom eg skulle sleppe unna med ei veke i senga, men den gang ei. No har eg vore sjuk i to veker, og har så sinnssvakt vondt i halsen som eg ikkje trudde var mulig. Gjorde den bommerten å ta ein titt bak i halsen min, og den eine mandelen ser så guffen ut at det er reint uapetittelig å ha den inni der. Eg har konstant smertestillande innabords, uten at det hjelp nevneverdig, og i natt sov eg sittande i sofaen på stova for å i det heile tatt vere i stand til å svelge.

I helga kjem mor og far på besøk, så då blir det vel litt trøst å få :)

Friday, December 08, 2006

Lys i tunellen

Har ikkje blitt knalldårlig enda, så det er mulig eg slepp unna billigare enn først antatt. Foreløpig søv eg stort sett heile døgnet. Er våken ein eller to timar, og søv to timar, våken to timar, søv litt osv... Kanskje, viss eg kIarer å holde meg nokonlunde våken fleire timar i strekk, tar vi ein tur til Oslo i slutten av veka. Det er på ingen måte plaster på såret, men då får vi kjøpt eit par julegåver i det minste. Utvalget på Eid er ikkje så stort. Håper på det!

Tuesday, December 05, 2006

Ferien utgår

Etter å ha følt meg elendig sidan fredag, blei det i dag konstatert at eg har kyssesjuka. Dermed går turen til Barcelona i dass, og humøret er på bånn.

Tuesday, November 28, 2006

Dåpsdag


I dag har Lilly dåpsdag! Ho vart døypt første søndag i advent 2004, i ei lettare kaotisk gudsteneste med ungar over alt. I dag tenner vi dåpslyset og lager fiskekaker til middag (etter dåpsbarnets ønske).

Wednesday, November 22, 2006

STIAN!!!

Stian, du er min aller beste venn.
Stian, skal vi to leke litt igjen?
Stian, når du tar på din cowboyhatt
blir hele gaten vår betatt!

Wednesday, November 15, 2006

Quizzzzzz

I kveld er det min tur å arrangere quiz på den lokale puben, sidan eg var så glup at eg vann forrige gang. Ei lita smaksprøve:

Eg er liten av vekst, men vart stor på 80-talet på grunn av mykje reising fram og tilbake. Namnet mitt minner om ein figur i ein norsk barnesang, og eg er namnebror med både ei popstjerne og ein stor basketballspelar. Eg har spelt i tv-seriar og filmar frå eg var liten og heilt fram til 2000. Då sette ei rystande diagnose ein stoppar for karrieren. Kven er eg?

Anyone?

Tuesday, November 14, 2006

Eg er i gang!

For aller første gong i heile livet mitt er eg tidlig ute med julegåvene. På spisebordet ligg det allereie fire ferdig innpakka gåver. Ikkje nok med det, eg har sydd juleduk (mykje banning og steiking involvert her...), planlagt kva eg skal bake, og skrive ei lang liste over alt som skal gjerast til jul. Snart er julekorta ferdige også, men det er ikkje så imponerande, for eg bestiller dei frå kortshop.
Silje jobbar der, så Lilly er modell på fleire av korta på nettsida. (Barnestjerne? Det er lov å håpe). I år ligg altså alt til rette for at eg faktisk skal vere forberedt når jula kjem.

Eg trur forresten eg er i ferd med å bli ei sånn kjip tante som berre gir mjuke, heimestrikka gåver...

Sunday, November 05, 2006

Søta sjøl

Er litt trøtt i kveld, og det har nok Lilly merka, for i sta gikk ho og ordna senga på gjesterommet, for så å hente meg. "Slapp av mamma. Ta med ro." Så måtte eg legge meg, og ho pakka meg inn i dyna. Så gikk ho og henta eit glas vatn, og venta mens eg drakk opp alt. "Godt mamma?" Så satte ho glaset på kjøkkenet, og henta smokk og kosedyr til meg så eg kunne slappe av skikkelig. Zmelt...
På bildet har ho ei av sine daglige danseoppvisningar. For den som ikkje veit det, er det tre ting som er heilt essensielle når ein skal danse: Kjole, smykke og hovudplagg.

Friday, November 03, 2006

Tett i potta

Lilly var heime frå barnehagen i går pga. forkjølelse, men ho var akkurat frisk nok til å vere ein ganske krevande propell. Først skulle ho male. Det betyr at ho skal kommandere meg til å male forskjellige ting som er heilt umulig å setje på eit papir. "Mamma male åååå boogie boogie", for eksempel...

Så måtte vi ut og leike. Eg prøvde å utsetje det i det lengste med å sette på film osv., men måtte til slutt til pers. Etter en times herjing gikk vi inn for å ete, og deretter sove formiddagskvil. Etter 20 minutts lading var det full rulle igjen (mot normalt 1 1/2 time). Eg kan ikkje med min beste vilje forstå korleis mor orka å vere heime i 15 år med fem ungar.

Heldigvis er Lilly bra nok til å gå i barnehagen i dag. Eg, derimot, har blitt kjempeforkjøla. Eg som akkurat hadde blitt frisk etter å ha vore forkjøla i ein månad. Er veldig fascinert over at kroppen kan produsere så mykje snørr.

Tuesday, October 31, 2006

Innedag

Eg skulle liksom gå tur kvar dag, men det er ikkje så fristande når det er vått overalt. Lilly og eg tok bilen dei 500 metrane til barnehagen i dag (eg måtte kjøpe brød også, så det var forsåvidt greitt).
Så i dag sit eg i sofaen og strikkar og ser på tv, med fyr på peisen. Huset ser ikkje ut, så eg burde kanskje ha gjort noko med det, men gidd ikkje. Har funne ut at det ikkje er vits i å prøve å ha det ryddig her, vi får heller begynne eit nytt og bedre liv når vi skal flytte. Om ei stund skal eg ta meg ein tur ned i Eid City og sjekke folkelivet der, men eg trur nesten eg må ta ein liten høneblund først...

Monday, October 30, 2006

WWJD?

Desse fire bokstavane kan bety så mangt, og no for tida står J-en for Jeanette (som i Roede, sjølvsagt). Frå no av er det null snop, og sunne, små måltid kvar tredje time. Denne sjølvpininga skal vare heilt til jul, slik at eg kan velte meg i ribbefett, kaker og godis med plettfritt samvit.

Thursday, October 26, 2006

Utsikt frå verandaen

Enten har fjellet fått flass, eller så er det snart vinter. Grur meg til å måtte vasse i snø for å finne bilen, som så må gravast fram og skrapast før eg kan sette meg inn, blåfrosen på fingrane. Så tar det minst ti minutt før det er skikkelig varmt, men då er eg allereie framme og må gå ut i kulda. Når eg så skal heimatt, er det samme historia om igjen. Viss det var opp til meg, skulle årstidene veksla mellom vår og haust heile tida, kanskje med ein ikkje alt for varm sommar i ny og ne.

Wednesday, October 25, 2006

Endelig ferdig!

Har sikkert brukt 100 timar på dette bildet som Lilly skal ha på rommet sitt. Skal berre stryke det og ramme det inn, så er det fiks ferdig (det tek minst like lang tid). Julegave, kanskje?

Tuesday, October 24, 2006

Vareopptelling

Har hatt opprydding i sminkeskapet, og dette er det eg skal kaste. For den som synes dette ser mykje ut, er det ingenting mot det som er igjen: 77 øyenskyggar, 15 liplinerar, 13 kajalar, 38 lebestiftar og 10 rougar. Ingen grunn til å handle sminke dei neste 20 åra, altså.

Frokostquiz

Det skal ikkje vere lett å vinne 30.000 kroner! Kva er eit anna namn for "medisinbutikk"? Det er ein plass legen sender deg for å kjøpe medisin når du er sjuk. Dei som arbeider der er farmasøytar og driv med farmasi. Beats me...

Monday, October 23, 2006

Forfallet har begynt

No er eg altså 30 år, og det er berre å rulle inn puppen, kaste inn handkledet og legge inn årene. På tide å begynne med rynkekrem, hårnett og broddar under skoa.

Sunday, October 22, 2006

Hvilken dag er det i dag?

Trallalalala...

Friday, October 13, 2006

Strikkestrikkestrikke

Eg har uante mengder med restegarn, og har innført kjøpestopp til det er tomt. Det vil ta ca fem år. I mellomtida strikker eg 70-tallshuer til alle bebisane som driv og poppar ut.

Ikkje greit å være datadust

No har eg styra ei stund for å komprimere eit bilde slik at eg skal få det inn i profilen min. Spørsmålet er så korleis eg får det til å dukke opp ved sida av alle postane...

Slik ser ein 29-åring ut



Oslotur!

Reiser til Oslo i dag, og blir i ei veke! Har ikkje mange planar, bortsett fra å gå på visninger, handle litt, og feire 30-årsdagen min som er neste søndag. No ligg eg på sofaen og lurer på om eg skal gidde å pakke, og rydde og vaske heile huset. Eeeh...nei.

Friday, June 16, 2006

Tappe blod

Skal på sjukehuset og ta masse blodprøver...grøss.
Sit her og utset det i det lengste.

Har jobba litt med konf.undervisning til leiren i dag. Har ansvar for Jesus-timane. Ikkje lett å finne opp kruttet, men det er på tide å fornye seg, så eg prøver.

Friday, June 02, 2006

70-tallskjole

Har hekla fin kjole til Lilly! Fann mønsteret i eit gammalt svensk blad heime hos mor, og der var mange andre fine ting også. Kjolen er skikkelig mini, og veldig kul over jeans.

Broderier

















Har brodert mykje småtteri i det siste. Har nok av tid som hemmafru. Burde strengt tatt gjort litt meir husarbeid og litt mindre tull, men tull er artigare enn arbeid :)

Elendig fotokvalitet her, men skitt au.

Ny blogg!

På tide med en ny blogg. Hadde en før, men er ikkje i stand til å finne den igjen. Det betyr altså at den ikkje var flittig brukt, så det er ikkje så nøye.

Får gjort mykje handarbeid her oppe i gokk. Har for eksempel laga denne jakka i alpakkaull til Julia. Den er visstnok veldig god å ha på seg, men det kan vi vel egentlig ikkje vite, i.o.m. at alle som seier det er alt for gamle til å huske det. Fin er den i alle fall. Hadde samme sort sjølv då eg var baby, men den hadde gule striper. Då eg var lita trudde eg at stripene var majones, derfor har denne jakka alltid heitt majonesjakke.