Thursday, March 27, 2008

På leit etter inspirasjon

I snart to månader har eg klaga over at eg ikkje har tid til å klekke ut nye idear på jobb. No har eg tid, men det skjer ingenting genialt i skallen. Søren og. Eg er daff, trøtt og uinspirert. Alle lure ting eg kom på i går kveld før eg sovna, er fordufta.


Monday, March 17, 2008

Velkommen!

Greitt nok at kirka skal vere inkluderande, men dette er å invitere til kirkeasyl.
Feilstava er det også, men kva kan ein forvente med ein danske til sjef?

Sunday, March 16, 2008

Prinsesse uten smokk

Berre slapp heilt av, eg skal ikkje bli ei sånn som kallar ungane mine prinsesse i staden for det dei eigentleg heiter. Men i dette tilfellet passar det. Lilly har ønska seg så veldig Snehvit/Snow White/Snjovkveit-kostyme, så vi inngikk avtale om at ho skulle få det når ho hadde slutta heilt med smokk. Etter ti dagar med eit belønningssystem Super Nanny ville gått god for, bestemte vi at det var på tide med premie. Her er ho i slottet sitt, og eg kan love at ho føler seg fin!


Til slutt eit glimt frå familiegudsteneste for eit par veker sidan, då eg delte ut fireårsbok til både Lilly og Andrea, ei venninne frå barnehagen. Dei var skikkelig sure.


Tulla!