Sunday, January 28, 2007

Kjappis

Ei god husmor veit å utnytte tida godt, så mens Lilly såg barne-tv i dag tidlig, strikka eg denne. Den blei alt for lita til henne, så så veldig vellykka var det ikkje. Det er sikkert ein eller annan unge der ute som treng ei hue.

Friday, January 26, 2007

Filipokus!

Lilly er opptatt av trylling for tida. Denne tiaraen er av og til "prinsessekrune", av og til solbriller, men som regel trylleaccessoir.

"Mamma seie kar ho Lilly e!"

Neimen, kvar er Lilly? Har ho blitt borte? Då trur eg jammen vi må trylle.

"Filipokus, filipokus, FILIPOKUS!!"

...ingenting skjer...

Hm, Lilly er borte enda!?

"Hihihi...FILIIIIPOKUS!"

Der var ho!

Tuesday, January 23, 2007

Vinterstemning

Slik ser utsikta frå verandaen ut om vinteren (etter at eg har spadd vekk ein meter snø på verandarekkverket). Du kan seie mykje fint om Bærum, men Vestlandet er ein klar nummer 1 når det gjeld vakker natur.

Deck the halls

Det er jo snart jul, så eg har begynt på julepynten. Dette treet tok mindre enn ei veke å lage, og med gullramme blir det ein fest (juletrefest, åff kårs).

Friday, January 19, 2007

Nærum er ei sinke!

Knut Nærum har laga teaterstykke om en gjeng som vil bli kjendisar, og har talkshow for seg sjølv. Det blir ikkje sendt på tv, men dei skaper eit samfunn der dei er kjendisar uten at nokon kjenner dei igjen i det vanlige samfunnet. Nærum sa på Først & sist at han håper det fins nokon som driv med dette på rett.

Velkommen etter, Nærum!
To unge frøkner, la oss kalle dei Marit og Gurid, har gjort dette i mange år allereie. Talkshowa finn alltid stad i ein fin sofa eller store ørelappstolar, og temaet er uten unntak kvinneg og kvinnegelategte spøgsmål. Så dette er regelrett plagiat av Knut Nærum!

Do-re-mi

På laurdag begynner semifinalene i Grand Prix, og det må vi sjå! MGP er ikkje heilt det samme som før, då heile familien benka seg framfor tv-en med heimelaga pizza. Sendinga gjekk samtidig på radioen, og far kobla til kassettspelaren slik at vi kunne ta det opp. Den sterkaste MGP-opplevelsen min er frå 1983, då Jahn Teigen vann med Do-re-mi. Det var den vakraste songen eg hadde høyrt i heile mitt liv, særleg fint var det litt ut i songen då Jahn improviserte over refrenget: Dooooooo-re-mi-fa-so, do-re-mi (mulig dette blei litt utydelig, men eg høyrer det klart inni hovudet mitt).
Den natta spelte eg songen om og om igjen mens tårene trilla.

Koredamene heitte Silhuette, og eg trudde eg skulle dåne då dei kom for å opptre på Strandadagane. Lystløgner som eg var, lurte eg venninnene mine til å tru at eg hadde møtt dei, og at vi hadde blitt bestevenninner. Eg skreiv til og med minne i minneboka mi som angiveleg var frå jentene i Silhuette. (Minne til Turid: Roser er røde osv. Hjertelig hilsen Nina)

Er forventningsfull til årets MGP, og håper på ein like sterk hit som Do-Re-Mi.

Wednesday, January 17, 2007

The return of Leonardo

Var på kino og såg The departed i går, med bl.a. Leonardo DiCaprio, Matt Damon og Jack Nicholson - og plutselig kom eg på kvifor eg var forelska i Leonardo for ti år sidan. Det var faktisk på nære nippet at han tangerte Michael Jackson på eit tidspunkt, men så blei han kvapsete fyllik, og då gikk det over.

No har han trent seg stram og fin igjen, og er heilt fantastisk som undercover cop i filmen. Eg er vanlegvis ikkje fan av actionfilmar, men denne var knallbra. Masse blod og gørr og moro i to og ein halv time.

Det Leonardo er aller best på, er å grine på film. Det blei litt lite av det i denne filmen, men han hadde tårer i augekroken eit par gonger i begynnelsen.

Topp tre Leonardo-gråteøyeblikk:
1) Netter i New York (desperat abstinensgråt)
2) Romeo og Julie (å nei ho er død-gråt)
3)...her må Mari fylle inn, klarer ikkje å bestemme meg.

Friday, January 12, 2007

Nynorsk vs. bokmål

Eg har alltid vore nynorskdame og sidemålsforkjempar, men etter at eg slutta på vidaregåande og flytta ut i det store bokmålslandet har det skjedd ting. Dei første åra tviheldt eg på nynorsken, så begynte eg å bruke bokmål i visse samanhengar. Plutselig, på uforklarleg vis, har det blitt sånn at eg skriv bokmål til vanleg og nynorsk i visse samanhengar. Korleis skjedde dette? Eg har heilt mista nynorskfølelsen, og må ofte tenke meg om før eg skriv eit ord. Det var veldig uvant å flytte til ei nynorskbygd igjen, men språket mitt har hatt godt av det. Denne bloggen skal i alle fall vere nynorsksone, så får resten forfalle. Heia Ivar!

Tuesday, January 09, 2007

Ut med det gamle, inn med det nye!

No står denne deilige skapningen midt i stova vår, og det føles plutselig veldig greit at den gamle tv-en konka. Er så vant til liten drittv at 32" virkar heilt enormt. Kabel-tv no, så blir det saker!

Monday, January 08, 2007

R.I.P.


LUXOR
2002-2007


Vår kjære Luxor sovna stille inn under Mikke Mus Klubbhus, etter eit kortare sjukeleie,
mandag 8. januar 2007. Han rakk aldri å vise premieren på Farmen, som vi alle hadde sett fram til. Luxor vil bli gjenvunnen av Nordfjord Renovasjon i morgon den dag. I staden for blomster til heimen, set vi pris på eit bidrag til ny og fin flatskjerm, helst før Grey's Anatomy.

Takk for alt.