Sunday, April 27, 2008

Dagens loppis-funn

Det er tid for loppemarked, og i dag har eg sveipa innom tre eller fire (kom ut av tellinga). Aller helst vil eg kjøpe alle møblane eg ser og pusse dei opp, men etter å ha pussa opp en bitteliten kommode forrige gong det var loppesesong, veit eg at det er meir jobb enn det ser ut til. Så eg måtte greie meg med småting.
70-talls keramikk er ganske fint viss ein har berre litt, og desse dumme skuleelevane som står og sel har ikkje vet til å ta seg betalt. Tre fine vasar for ein slikk og ingenting.
Denne kunne eg vel strengt tatt klart meg utan:
Men det aller, aller beste kuppet i dag kjem her. Gode, gamle Starlet! Fullt av gripande historier, lesardikt, testar og alt anna som var viktig på begynnelsen av 90-talet.
Det er meir der det kjem frå, eg fekk ei heil eske for 50 kroner. No blir det gøy å gå på do! Dessutan kjem eg aldri til å sleppe opp for ting å blogge om, det spørs faktisk om eg ikkje må ha ei fast Starlet-spalte

Thursday, April 24, 2008

Fine ting

Må berre vise fram dei fine krydderkrukkene mine, som eg fekk til jul. Eg har ikkje satt dei fram før no, for eg har ikkje visst kva eg skal ha oppi dei. Det veit eg framleis ikkje, men dei er så fine i seg sjølv at dei kan stå der og pynte opp litt.

Kanskje eg rett og slett skal bruke dei til...krydder?

Friday, April 18, 2008

Endelig!

Vi planta løk i haust; krokus, snøklokker og tulipanar. Lilly forventa at det skulle blomstre allerede neste dag, så ventetida har vore lang. I går såg vi plutselig at det var noko lilla i hagen, så det måtte vi ut og studere.
Bittebittesmå krokus på vei...
Og Lilly er kjempefornøgd og heilt frisk!

Thursday, April 17, 2008

På tide med litt sjukdom igjen

Forrige torsdag kom ein lungebetennelse heilt ut av det blå og sneik seg inn i denne kroppen (her ser eg for meg ein sånn blå Ghostbusters-ånd som flyg gjennom lufta og går inn gjennom munnen på den første og beste). Fra å vere i tipp topp form, var plutselig Lilly heilt elendig, med feber og frostrier og ein CRP på 450 (for dei som er inne i terminologien). Det bar rett på sjukehus med far og barn, mens mamma kristna konfirmantar.



På sjukehuset hadde dei ei veldig kul pustemaskin, akkurat sånn som Line i barnehagen har, og den fikk vi låne. Lilly ville aller helst ha Linemedisin heile tida, men det fins grenser. Det skulle vise seg at lungebetennelsen var smittsom, og brått fekk eg rett i at det var dumt av Fredrik å ete opp resten av Lilly si halvtygde appelsin.

No er begge bra igjen, og vi prøver å ikkje tenke på at Murphy's lov har ein lei tendens til å forfølge oss.

Tuesday, April 01, 2008

Eureka!

Hah! Har funne inspirasjon, heilt uten hjelp av ræude druer!
Kanskje du synes illustrasjonsbildet er dårlig? La meg då få fortelle at det ikkje er den enklaste sak i verda å balansere eit telys på haudet (hadde ikkje lyspære tilgjengelig, men har eit veldig kult elektrisk telys på kontoret. Det gjer samme nytta.), ta bilde og samtidig sjå søt og intelligent ut. Her måtte søt og intelligent vike for lysbalanseringa. Alle som kjenner meg, veit at eg er over gjennomsnittet søt og intelligent uansett. Og ydmyk.