Tuesday, November 14, 2006

Eg er i gang!

For aller første gong i heile livet mitt er eg tidlig ute med julegåvene. På spisebordet ligg det allereie fire ferdig innpakka gåver. Ikkje nok med det, eg har sydd juleduk (mykje banning og steiking involvert her...), planlagt kva eg skal bake, og skrive ei lang liste over alt som skal gjerast til jul. Snart er julekorta ferdige også, men det er ikkje så imponerande, for eg bestiller dei frå kortshop.
Silje jobbar der, så Lilly er modell på fleire av korta på nettsida. (Barnestjerne? Det er lov å håpe). I år ligg altså alt til rette for at eg faktisk skal vere forberedt når jula kjem.

Eg trur forresten eg er i ferd med å bli ei sånn kjip tante som berre gir mjuke, heimestrikka gåver...

1 comment:

Silje said...

Såg kortshop på NRK Møre og Romsdal! Såg ei dame der og tenkte "ken e det, ho såg kjent ut!" ..men so va det berre systra di. Ho med det finaste namnet!