Thursday, March 01, 2007

Lita og sjuk


Det er ikkje lett å vere sjuk når ein ikkje klarer å uttrykke kvar det er vondt. Influensa har nådd oss, og det var berre eit spørsmål om tid, sidan Lilly har begynt i barnehage med eit svært avslappa forhold til hygiene.
Her ei natt vekte ho meg og ville tisse, men eg gadd ikkje å stå opp, og meinte at ho kunne tisse i bleia. Det hadde sikkert gått greit, viss ikkje "tisse" i denne samanhengen hadde betydd "spy". Noterer meg dette bak øret til seinare.

7 comments:

Anonymous said...

Lille prinsessa, vettu. Med voffsen trofast ved sin side. Tisse med munnen, altså... Jeg noterer gode mamma-tips.

Turid said...

Vi har hatt nokre fine feberfantasi-gullkorn: "Har jeg bart i rumpa? Har du bart, mamma?"

Ei anna natt slo ho augene opp og forkynte "Mamma, jeg vil danse på nasa di".

(Nei, eg har ikkje begynt å blande bokmål og nynorsk. Det er Lilly som har blitt dialektforvirra)

Turid said...

Uff, dette går ikkje så mykje bedre. Lilly besvimte på legekontoret, og er ganske utafor, så no er ho og Fredrik på veg til sjukehuset i ambulanse. *gråte en skvett*

Anonymous said...

Jeg måtte titte på bildet av en sovende Lilly når jeg hørte at hun er såpass dårlig. Stakkars lita! Tenker masse på dere.

Anonymous said...

evt da jeg hørte...

Mari said...

Hvordan går det med lille vennen?

m

Turid said...

Lilly og eg har overnatta på sjukehuset, og no går det bedre. Ho hadde nok eit anfall av feberkrampe, og det tok ei stund før dei fikk kontakt med ho, så det var greit å vere på sjukehuset litt.

Ho var forresten ikkje fornøgd med at det berre var nrk og TV2 på rommet. "Eg vil sjå Playhouse Disney!"
Det har ho altså lært etter berre ei veke med parabol...