Wednesday, March 28, 2007

På ebay-kjøret igjen





















Har havna på ebay-kjøret igjen, og i dag låg dette i postkassa. Skoa kosta eit halvt pund og er fantastisk fine. Ingenting er som eit skikkelig kupp! Kåpa var ikkje fullt så billig, men Lilly kjem til å sjå ut som ei lita dukke i den.

Friday, March 23, 2007

Det gjør så vondt i tennene mine!

I går, rett etter middag, fikk eg plutselig skikkelig tannverk. Eg tenker med gru på alderdommen min, for maken til dårlige tenner skal du leite lenge etter (ikkje så veldig lenge, forresten, men ei lita stund. Dersom du i det heile tatt føler for å gå rundt og leite etter dårlege tenner). Eg har ingen skrupler med å gi mykje av skulda til skuletannlegen på Stranda. I åttande klasse fekk eg plutselig ni hol - litt rart sidan eg aldri hadde hatt hol før, og tannlegen bora dei uten bedøving for å gi meg ein lærepenge. Er det rart folk får tannlegeskrekk? Deretter stappa han dei fulle med amalgam. Litt for mykje amalgam, skulle det vise seg, for no har tennene begynt å sprekke litt her og der pga for store fyllingar. I desse sprekkene snik det seg inn små kariusar og baktusar tidt og ofte, seinast for eitt år sidan... og truleg er det det som har skjedd no også. Eg kan like gjerne begynne å spare til gebiss først som sist.

Har forresten fått time med tannlege Borgersen på Bekkestua neste mandag. Han er flink, rask og smertefri og ein drøm for dei som er litt redd for skumle tannlegar. Det var reklame.

Wednesday, March 21, 2007

Rare namn

Litt billig humor på ein tirsdag:

www.nrk.no/underholdning/alltid_moro/5841136.html

Sunday, March 18, 2007

På pinnane


Har begynt å strikke ei slik jakke til Lilly, berre i beige. Har laga ei før også, men den var i str. 3 mnd og var ørlite grann raskare å strikke enn str. 3 år. Skulle egentlig gi den vekk til ein av alle babyane som dreiv og poppa ut ein periode, men syntes den blei så fin at eg ikkje klarte å gi den frå meg. Så enten må eg få ei jente til, eller så må nokon andre få ei. Og ho bør helst vere så søt at ho fortjener jakka.

Saturday, March 17, 2007

Språk og sånt




Det er i grunnen veldig artig å bo ilag med ei som held på å lære å snakke. Nesten kvar dag kjem det gullkorn som er til å skratte av, som då ho plutselig erklærte ved middagsbordet: "Pappa, jeg e stolt av deg". Ellers er Lilly veldig opptatt av kjensler ("jeg e alt for lei meg"), og liker godt å kjefte på oss for så å gi trøst etterpå: "FU, MAMMA! .....så så, lille venn. Går det bra med deg?"

Andre snodige ord og uttrykk:

Jobengen = B-gjengen
Virra! = Hurra!
Frettin = Tretten
Grattemelere dagen = Gratulerer med dagen
Jeg har vide! = Jeg har en idé (ideen er alltid å hente is i fryseren)

Sunday, March 11, 2007

Vottar


Vottesesongen er vel strengt tatt på hell, men eg måtte berre teste ut ei oppskrift på vottar strikka på to pinnar. Ellers gjer eg alt eg kan for å sleppe å gjere ferdig denne genseren som eg har hatt liggande lenge:
Har mest lyst til å kaste den, men problemet er at den er så veldig fin - så eg må berre få det unnagjort.

Monday, March 05, 2007

1-0


Treng vel ikkje å kommentere denne med noko anna enn: ÆSJ.

Sunday, March 04, 2007

Mus!


Vi har mus i huset, og panikken brer seg i magen. Det krafsar ein plass inne i kjøkkenbenken som er gjenspikra, og som vi altså ikkje når. Begynte å lese litt på ei nettside, men blei berre meir skremt. Mor foreslo at eg kunne sette meg ned og synge musevisa for den - men eg trur eg held meg til den gode gammaldagse musefella.

Thursday, March 01, 2007

Lita og sjuk


Det er ikkje lett å vere sjuk når ein ikkje klarer å uttrykke kvar det er vondt. Influensa har nådd oss, og det var berre eit spørsmål om tid, sidan Lilly har begynt i barnehage med eit svært avslappa forhold til hygiene.
Her ei natt vekte ho meg og ville tisse, men eg gadd ikkje å stå opp, og meinte at ho kunne tisse i bleia. Det hadde sikkert gått greit, viss ikkje "tisse" i denne samanhengen hadde betydd "spy". Noterer meg dette bak øret til seinare.