Friday, January 12, 2007
Nynorsk vs. bokmål
Eg har alltid vore nynorskdame og sidemålsforkjempar, men etter at eg slutta på vidaregåande og flytta ut i det store bokmålslandet har det skjedd ting. Dei første åra tviheldt eg på nynorsken, så begynte eg å bruke bokmål i visse samanhengar. Plutselig, på uforklarleg vis, har det blitt sånn at eg skriv bokmål til vanleg og nynorsk i visse samanhengar. Korleis skjedde dette? Eg har heilt mista nynorskfølelsen, og må ofte tenke meg om før eg skriv eit ord. Det var veldig uvant å flytte til ei nynorskbygd igjen, men språket mitt har hatt godt av det. Denne bloggen skal i alle fall vere nynorsksone, så får resten forfalle. Heia Ivar!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
4 comments:
heia Ivar!
Nonorsk er så uendeleg vakkert!
Prøver å finne ut kva som er det finaste nynorskordet, men blir ikkje enig med meg sjølv. Mjuk, kanskje?
Kva meinar du med nonorsk Stian? Er det nynorsk eller nordnorsk ;) Ej lika begge dele.
Post a Comment