
Eg har ikkje orka å høyre på denne cd-en på omtrent ti år, men i dag fann eg den altså fram igjen, og sit aleine i sofaen og rødmer av skam. Det beste eg kan seie om mine prestasjonar som storbandvokalist, er at eg syng nokonlunde reint. Bortsett frå det, passa sjangeren meg svært dårleg. Men vi hadde det veldig kjekt! Höjdaren var opptreden på MoldeJazz eitt eller anna år, og eg kan framleis framkalle den nervøse kvalmen eg hadde rett før vi gjekk på scena.
Big Odd Band vart starta av Odd Fossum (= fantastisk ildsjel) i 1994, og han driv søren meg på enda. Takka vere han slapp vi unna mykje dårleg korpsmusikk på Sunnmøre. Mange av dei som har spelt i Big Odd, arbeider med musikk i dag.
No orkar eg ikkje å høyre meir.
Eg er forresten ikkje på bildet, så det er ikkje vits å leite.
3 comments:
Den hugsar eg.
Men der er vel enkelte andre på bildet? *knis*
-Margrethe
Uff. Dobbeltuff.
Post a Comment