Friday, August 28, 2009

Hadet på badet!

Liten vits i å ha to bloggar og berre bruke den eine, så frå no av skjer det ingenting her meir. (Som om det har skjedd så mykje før...) Følg med på Heimelaga, kanskje det blir litt meir action der etter kvart.

Wednesday, March 11, 2009

Åååå...

Lilly lærer å skrive, og kom med denne til meg i går.
Trur ikkje det fins andre som har så søte ungar :)

Tuesday, March 03, 2009

Pionérmenighet


Helgerud menighet ligg litt framfor alle andre, og 8. mars presenterer vi eit nytt og spennande sakrament. Vi slit litt med å finne eit fengande slagord til det nye sakramentet (ikkje lett å måle seg med "løp og døp"), så kom gjerne med forslag.



Slikt kan ein finne på kontoret når ein har søte konfirmantleiarar. Søndag møtte denne kaka meg på jobb, spesiallaga av Hanne og Madeline.

Tuesday, February 24, 2009

Fjortissymptom


Uten at eg forstår korleis det har skjedd, oppdaga eg plutselig at eg ikkje er i stand til å skrive ei tekstmelding uten å avslutte med smilefjes. Shit.

Sunday, January 18, 2009

Dette blir aldri kjedelig!


Jeje, hiv meg på bølga av tøysebilete eg også. Det triste med denne kledelige sveisen, er at det er nøyaktig slik eg såg ut som konfirmant i 1991, bortsett frå at eg var ein dritsur fjortis, ikkje sjarmerande og blid som no.
Posted by Picasa

Friday, November 07, 2008

Resonnement

Viss eg kallar Stranda heime, og Grandiosa er laga på Stranda, må det vel kunne kallast heimelaga pizza?

Monday, October 06, 2008

Tallinntur med LIV 2

  • Sushi
  • Double Coffee
  • Shopping
  • Chocolateria
  • + 2 kg...
  • Kaldt og litt vått

Mari er diskré og putter kake i ei tom tyggiseske...

Javel?


Litt skeptisk til dette...