- Sushi
- Double Coffee
- Shopping
- Chocolateria
- + 2 kg...
- Kaldt og litt vått
Litt skeptisk til dette...
Kirk Franklin har alltid stått for meg som kongen av gospelmusikk, og tirsdag var det konsert. Det blei en nedtur av dei heilt store. Maken til klyse har eg aldri sett på ei scene! Han virka utrulig falsk på meg, og eg får alltid litt bakfot når nokon prøver å fortelle meg at så lenge du er kristen, er livet fantastisk heile tida. Alle andre sto med hendene i været og grein, mens eg titta meg forundra rundt (og sendte blikk til Mari...) og da alle i salen måtte holde kvarandre i hendene, tok eg veska mi og gikk. Too much. Har absolutt ikkje sansen for sånn karismatisk massesuggesjon som det han dreiv med. Veit at omtrent alle andre som såg konserten er uenig med meg, men det er greit.
Happy birthday, Michael, and thanks for the invite to your party. I'm really sorry, but I can't make it this year. There's something else I need to tell you as well... It was really sweet of you to send me that 5 ct diamond ring, but I can't accept it. I don't love you like that anymore, so please stop leaving messages on my phone. You'll get over me eventually, although I know it's hard. Hope we still can be friends. Enjoy your birthday!
Skaff deg eit eksemplar av denne plata frå 1996, og spel av eit vilkårleg spor i min nærleik. Eg vil spesielt anbefale Mariah Careys "Love takes time", som du aldri har høyrt den før: I storbandversjon, og med Turid (19) på vokal. Akkurat som Mariah tenkte det, innbiller eg meg.
Forrige laurdag hadde vi konfirmasjon for dette fine trekløveret. Dei går på Haug skole, som er ein spesialskule, og eg har fått vere med å følge dei gjennom ei ti veker lang konfirmasjonstid. Det er vanskelig å seie kven som lærte mest, eg eller dei. Sjølve dagen var akkurat som den skulle, med nervøse konfirmantar og spent familie, og sjølv om gudstjenesta var annleis var den både høgtideleg og veldig rørande. Fin gjeng :)
70-talls keramikk er ganske fint viss ein har berre litt, og desse dumme skuleelevane som står og sel har ikkje vet til å ta seg betalt. Tre fine vasar for ein slikk og ingenting.
Denne kunne eg vel strengt tatt klart meg utan:
Men det aller, aller beste kuppet i dag kjem her. Gode, gamle Starlet! Fullt av gripande historier, lesardikt, testar og alt anna som var viktig på begynnelsen av 90-talet.
Det er meir der det kjem frå, eg fekk ei heil eske for 50 kroner. No blir det gøy å gå på do! Dessutan kjem eg aldri til å sleppe opp for ting å blogge om, det spørs faktisk om eg ikkje må ha ei fast Starlet-spalte
Må berre vise fram dei fine krydderkrukkene mine, som eg fekk til jul. Eg har ikkje satt dei fram før no, for eg har ikkje visst kva eg skal ha oppi dei. Det veit eg framleis ikkje, men dei er så fine i seg sjølv at dei kan stå der og pynte opp litt.
Forrige torsdag kom ein lungebetennelse heilt ut av det blå og sneik seg inn i denne kroppen (her ser eg for meg ein sånn blå Ghostbusters-ånd som flyg gjennom lufta og går inn gjennom munnen på den første og beste). Fra å vere i tipp topp form, var plutselig Lilly heilt elendig, med feber og frostrier og ein CRP på 450 (for dei som er inne i terminologien). Det bar rett på sjukehus med far og barn, mens mamma kristna konfirmantar.
På sjukehuset hadde dei ei veldig kul pustemaskin, akkurat sånn som Line i barnehagen har, og den fikk vi låne. Lilly ville aller helst ha Linemedisin heile tida, men det fins grenser. Det skulle vise seg at lungebetennelsen var smittsom, og brått fekk eg rett i at det var dumt av Fredrik å ete opp resten av Lilly si halvtygde appelsin.
No er begge bra igjen, og vi prøver å ikkje tenke på at Murphy's lov har ein lei tendens til å forfølge oss.
Berre slapp heilt av, eg skal ikkje bli ei sånn som kallar ungane mine prinsesse i staden for det dei eigentleg heiter. Men i dette tilfellet passar det. Lilly har ønska seg så veldig Snehvit/Snow White/Snjovkveit-kostyme, så vi inngikk avtale om at ho skulle få det når ho hadde slutta heilt med smokk. Etter ti dagar med eit belønningssystem Super Nanny ville gått god for, bestemte vi at det var på tide med premie. Her er ho i slottet sitt, og eg kan love at ho føler seg fin!