Thursday, February 28, 2008

Nye kunstar


Denne siste grimasen er heilt ny på repertoaret. Lurer litt på kva den handa i munnen er godt for, men det er sikkert noko ho har sett på tv.

Wednesday, February 27, 2008

Advarsel!


Denne såpa stinker svette.

Verdens dårligaste slagord

" Hvis du vet hvor du har vondt"... Herlighet!
Viss du har vondt, klarer du vel å lokalisere det. Kjerring.

Tuesday, February 12, 2008

Liv & Røre

I helga var det Liv & Røre / Rød Diesel i Lommedalen kirke, med 350 hormonelle tenåringar og ein bunt med meir eller mindre fjasete leiarar. Det er første gongen Liv & Røre og Rød Diesel samarbeider, og det var mykje folk og mykje lyd. Men gøy var det, særlig når eg kunne legge meg i mi eiga seng i staden for på ei madrass i eit klasserom når det blei natt.
Det var høg kjendisfaktor, bl.a. kom han her og sang klissesongar for oss:

Høgdepunktet for meg var definitivt konserten med Samuel Ljungblahd og dei fantastiske koristane hans. Jubelen sto i taket frå første stund, og eg trur dei blei litt tatt på senga av den overveldande mottakinga.


I tillegg til å ha bra songar, fett band og utrulege stemmer, har Samuel & co. ein snodig og vittig koreografi. Kan ikkje forklarast, må opplevast.




Thursday, January 31, 2008

Sirkusprinsesse?


No har eg øvd og øvd, og endelig klarte eg å balansere to kasser og ein papirrull på hovudet!
(Kan også nemne at eg har fått laptop med webkamera, og bruker store delar av dagen til å leike med det.)

Tuesday, January 15, 2008

Prima ballerina

Lilly er veldig opptatt av ballett for tida, og fekk strutteskjørt og turndrakt til jul. Posisjonen på biletet heiter visstnok "arabesque", i følge ballerinaen sjølv. Mora og minst ei tante er strålande fornøgd, og vi har tenkt å realisere alle våre knuste ballett-barnedrømmar gjennom henne.


Så eit lite nyttårsglimt frå Grefsen. Vi tjuvstarta litt med rakettar til ære for ungane, men stjerneskudd var nok det som var mest stas. Litt skummelt med alle rakettsmella...

Monday, December 24, 2007

God jul!

Julaftan er her, og vi har allereie sukra oss grundig innvendig. Nissen har fylt opp strømpa til Lilly, og ho er veldig forundra over at ho ikkje hørte han seie ho-ho-ho då han var her i natt. I går pynta vi treet med sikkert 100 kuler, og Lilly var kunsterisk sjef. Om eit par timar reiser vi i kirka. Det er alltid fin julegudstjeneste i Helgerud, med pikekor, julespel og Iver i sitt ess. Sånt blir det julestemning av.

Barnehagen hadde fest for eit par veker sidan, med julespel. Lilly var engel.
Midtveis i spelet blei Josef akutt febril, og sank sammen over krybba. Han sleit seg gjennom resten av stykket med krittkvitt ansikt, og fullførte tappert soloen sin.
Farfar kom i skade for å fortelle at han brukte å vere nisse for personalbarnehagen før i tida, og dermed var det gjort. Han gjorde ein fin figur, og Lilly kjente han ikkje igjen.
God jul til alle!

Saturday, December 01, 2007

Jajaja!

What Turid Means

T is for Tasty

U is for Unreal

R is for Revolutionary

I is for Ideal

D is for Dashing

Monday, October 22, 2007

Kan det vere sant?

Kven skulle vel tru at denne sjarmerande jenta er 31 år? Ingen, så vidt eg kan skjønne. Ser ikkje ut som eg er ein dag over 30.

Monday, September 03, 2007

Er her, altså!

Eg har ikkje forsvunne heilt, men med ein ødelagd pc og bortkommen kamerakabel er det begrensa kor mange postar eg får produsert.

Friday, June 15, 2007

Alt for lenge til Idol!


Idol har blitt dårligare og dårligare med åra, men eg har følelsen av at det vil ta seg opp igjen i år. Fantastiske Kyrre frå P3 skal vere programleder, håper han har tenkt å vere like morsom som på radio. Dessuten går det rykte om at søskenbarnet mitt, Åste, har gått vidare - og merk mine ord: Ho kjem langt. Men det aller beste er å sjå fjortisane som trur dei er kjempeflinke med innøvde "naturlige" bevegelsar som passar til teksten osv. Æ gler mæ!

Wednesday, June 06, 2007

En dag uten trening, en dag uten mening


Sideflesket har begynt å ekspandere, så eg har lagt meg til ein ny vane: Etter at eg har levert Lilly i barnehagen går eg skogstur (fjelltur viss ein legg godviljen til) i området bak huset vårt. Dette er eg såpass kry over at eg alltid ringer nokon når eg er på toppen, berre for å kunne seie at eg ringer frå ein fjelltopp (fjell kan vere bittesmå også, ikkje sant). Googla Dale for å finne eit bilde av utsikta, og alt eg fann var eit maleri. Men sånn ser det altså ut frå toppen.

Wednesday, May 23, 2007

Den beste følelsen i verda!


Det er ingen ting som slår den lettelsen det er å gå ut av eit tannlegekontor! Eg har nettopp komt heim etter å ha rotfylt ei tann, og svever på rosa skyer (nei, det er ikkje bedøvelse). Har til no hatt fire tannlegebesøk som til sammen har kosta meg 3500 kroner, og enda er det ikkje heilt ferdig. Har ny date med tannlegen om tre veker, og då skal han legge på skikkelig fylling og bore ein sekundærkaries (tannlegespråk for drita stort høl), så det blir minst 1000 kroner til. Hurra!

Om nokon skulle vere rotfyllingsjomfru og lure på kva den grønne duken er til, så er det for at det ikkje skal komme dritt inni tanna. Ganske vanskelig å puste under, særlig når tannlegen gir seg til å vaske heile området med sprit. Det er forresten kanskje forklaringa på dei rosa skyene?

Thursday, May 17, 2007

17. mai

Gidd ikkje å skrive så mykje om 17. mai, det er jo alltid det samme som skjer. Hadde bunadspolitiet sett meg i år, hadde dei blitt rysta. Bunaden var så trang at det likna meir på kroppsmaling enn eit klesplagg, eg fann ikkje bunadskoa og måtte ty til nokre andre svarte (med en liten kilehæl...not good), sølvet var upussa (sølvpussen låg nok ein lur plass i lag med skoa), og sidan mor gløymte å lage cape då ho sydde bunaden, måtte eg bruke eit nokså ufikst, svart sjal til den blå bunaden. Lover å skjerpe meg til neste år. Eg brukte i det minste ikkje solbriller.



Korleis fikk far Lilly til å posere slik?



Eg er heilt lik mor. Samme smil, samme mysing, samme positur, samme alt.

Monday, May 07, 2007

Vi er skikkelig gæææærne, altså

Lei av alt for mange nederlag på boligmarkedet, smelte vi i dag til og kjøpte eit rekkehus USETT!
Det ligg på Bærums Verk, og ser i alle fall fint ut i annonsa...Så no får vi håpe at vi ikkje har kjøpt katta i sekken.

Her er det: www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=9961247

Sunday, April 22, 2007

Sjukdom

Eg har aldri vore typen til å bli veldig sjuk. Før eg plutselig blei det. Vi har hatt utruleg mykje sjukdom det siste året, og i går begynte eg å rekne på det. Sidan vi reiste i turnusteneste har Lilly vore sjuk og heime frå barnehagen 18 gonger. Minst tre av desse gongane har ho vore borte ei veke. I tillegg kjem dei gongane ho har blitt sjuk i helger og feriar. Eg har blitt smitta stort sett kvar gong. Høgdepunkta var heilt klart mi kyssesjuke i vinter og Lilly sitt døgn på sjukehus i vår.

Kan det virkelig vere nødvendig å vere sjuk så ofte? Det er så utmattande både på den som er sjuk og den som må vere sjukepleier. Satsar på at dette betyr at vi snart skal ha to år heilt blotta for alle skumle virus- og bakterieinfeksjonar som ellers måtte herje landet.

(Mens eg skriv dette har eg sjølvsagt bihulebetennelse, og Lilly har feber og øreverk)

Wednesday, April 11, 2007

Ajajaj

Eg er ingen fan av å reise med fly, og har alltid sagt at eg ALDRI skal setje foten innanfor døra på eit Widerøe-fly. Dette må eg no gå tilbake på, for når vi skal kjøpe hus i Bærum er det litt tungvint å reise på visning med nattbuss. Så i helga tek eg ein Valium og hoppar i det. Sjølv om eg ikkje er overtruisk føles det litt ekkelt at det er fredag 13. denne miniflydebuten skal finne stad. Prøver hardt å ikkje tenke på alle nødlandingane og nestenulykkene Widerøe har hatt dei siste åra.

Wednesday, March 28, 2007

På ebay-kjøret igjen





















Har havna på ebay-kjøret igjen, og i dag låg dette i postkassa. Skoa kosta eit halvt pund og er fantastisk fine. Ingenting er som eit skikkelig kupp! Kåpa var ikkje fullt så billig, men Lilly kjem til å sjå ut som ei lita dukke i den.

Friday, March 23, 2007

Det gjør så vondt i tennene mine!

I går, rett etter middag, fikk eg plutselig skikkelig tannverk. Eg tenker med gru på alderdommen min, for maken til dårlige tenner skal du leite lenge etter (ikkje så veldig lenge, forresten, men ei lita stund. Dersom du i det heile tatt føler for å gå rundt og leite etter dårlege tenner). Eg har ingen skrupler med å gi mykje av skulda til skuletannlegen på Stranda. I åttande klasse fekk eg plutselig ni hol - litt rart sidan eg aldri hadde hatt hol før, og tannlegen bora dei uten bedøving for å gi meg ein lærepenge. Er det rart folk får tannlegeskrekk? Deretter stappa han dei fulle med amalgam. Litt for mykje amalgam, skulle det vise seg, for no har tennene begynt å sprekke litt her og der pga for store fyllingar. I desse sprekkene snik det seg inn små kariusar og baktusar tidt og ofte, seinast for eitt år sidan... og truleg er det det som har skjedd no også. Eg kan like gjerne begynne å spare til gebiss først som sist.

Har forresten fått time med tannlege Borgersen på Bekkestua neste mandag. Han er flink, rask og smertefri og ein drøm for dei som er litt redd for skumle tannlegar. Det var reklame.

Wednesday, March 21, 2007

Rare namn

Litt billig humor på ein tirsdag:

www.nrk.no/underholdning/alltid_moro/5841136.html