Thursday, February 22, 2007

Hjertesmerte


Det er ingen spøk å sende barn i barnehage. Lilly er 2,5 år, og har allerede begynt i sin tredje barnehage. Før ho er tre har ho begynt i nummer fire. I går var ho aleine for første gong, og synet av den lille skjelvande underleppa er nok til å knuse eit morshjerte.

Eg har gått med følelsane tjukt utanpå i heile går og i dag, og blir rørt av den minste ting. Då hundre barn sang bursdagssang til kongen under høgtidsgudstenesta på nrk i går, var det ikkje berre Mette-Marit som grein, for å seie det sånn...

Wednesday, February 21, 2007

Familiereklame


Søndag kl. 20.00 er det TVNorge som gjeld. Synnøve skal vere programleder for programmet "Birkebeinerne", der åtte innvandrarar skal lære å bli gode nordmenn. Etter ti veker intens skitrening skal dei gå birkebeineren på 5,4 mil.
Eg skal i alle fall gjere mitt for å bidra til at sjåartala blir høge, har nemlig splitter ny parabolantenne.


Meir om programmet her: www.tvnorge.no/programmer/birkebeinerne

Monday, February 19, 2007

Dale så langt...

Har ikkje peiling på kor kameraet er, så det blir ikkje illustrasjonsfoto.

Så langt er inntrykket av Dale at absolutt alt er gammalt og skrøpelig. Den kommunale leiligheta har flust av feil og manglar, og i tillegg hadde ikkje den afghanske familien som budde her før vaska etter seg. Det er/var rett og slett gøøøøørskittent. Veldig ekkelt. Var skikkelig klar for å vaske ei stor leilighet når vi nettopp hadde vaska ned eit heilt hus. Sukk.

Barnehagen til Lilly er minst like gale. Den blei vel bygd på seint 70-tal eller tidlig 80-tal, og det har garantert ikkje blitt pussa opp etter det. Hygienen er ikkje imponerande der i garden heller, så eg er ikkje direkte begeistra.

Energien min går med til å virke veldig entusiastisk, slik at Lilly skal bli overbevist om at her er det kjekt. Synes eg gjer ein god jobb så langt.

Ellers har eg i dag utforska kjøpesenteret (fort gjort), som består av nokre få blandingsbutikkar av typen jakt & foto, blomster & jernvare osv. Typisk bygd, altså.

Tuesday, February 13, 2007

Fin leilighet

http:/finn.no/finn/realestate/object?finnkode=9368962

Denne har eg lyst på. Den ligg i eit bra område, og har passe med plass.
Det er overtaking i slutten av april, så viss nokon vil leige den eit par månader, kjøper eg!

Monday, February 12, 2007

Vi flytter

Onsdag flytter vi til Dale, og eg begynner å grue meg litt. Nordfjordeid er egentlig ein ok plass, og vi kjem nok til å lengte litt tilbake. Lilly har alle vennene sine her, og eg har skikkelig dårlig samvittighet for at ho må flytte rundt som ein annan flyttsame.

Vi var i Dale på laurdag med eit lite flyttelass, og det er virkelig ein bitteliten plass. Heile bygda heng igjen på midten av 80-talet, inkludert leiligheta vi skal bu i. Den er faktisk ganske stygg, med linoleumsgolv og slitte veggar. Vi får berre gi oss hen til 80-talet og slenge opp alt vi har av nips og stæsj på veggane. Barnehagen er nærmaste nabo, og det kan vere både fordel og ulempe. Det kan nok hende at Lilly blir litt sippete og vil heim når ho ser meg.

Første dag på jobb og barnehage er fredag. Spennande, begge deler. Mi rolle blir å vere bakande, oppmuntrande og middagslagande husmor.

Heldigvis får vi breiband, og eg vurderer sterkt å kjøpe parabol. Neste post blir nok frå Dale i Sunnfjord :)

Sunday, February 04, 2007

Berre for å ha sagt det...

...så står eg her og koker suppe på eit bein. Nok ein gong viser eg meg som ei ekte husmor. Det ser kanskje ikkje spesielt delikat ut, men lukta lover godt.

Thursday, February 01, 2007

Sunday, January 28, 2007

Kjappis

Ei god husmor veit å utnytte tida godt, så mens Lilly såg barne-tv i dag tidlig, strikka eg denne. Den blei alt for lita til henne, så så veldig vellykka var det ikkje. Det er sikkert ein eller annan unge der ute som treng ei hue.

Friday, January 26, 2007

Filipokus!

Lilly er opptatt av trylling for tida. Denne tiaraen er av og til "prinsessekrune", av og til solbriller, men som regel trylleaccessoir.

"Mamma seie kar ho Lilly e!"

Neimen, kvar er Lilly? Har ho blitt borte? Då trur eg jammen vi må trylle.

"Filipokus, filipokus, FILIPOKUS!!"

...ingenting skjer...

Hm, Lilly er borte enda!?

"Hihihi...FILIIIIPOKUS!"

Der var ho!

Tuesday, January 23, 2007

Vinterstemning

Slik ser utsikta frå verandaen ut om vinteren (etter at eg har spadd vekk ein meter snø på verandarekkverket). Du kan seie mykje fint om Bærum, men Vestlandet er ein klar nummer 1 når det gjeld vakker natur.

Deck the halls

Det er jo snart jul, så eg har begynt på julepynten. Dette treet tok mindre enn ei veke å lage, og med gullramme blir det ein fest (juletrefest, åff kårs).

Friday, January 19, 2007

Nærum er ei sinke!

Knut Nærum har laga teaterstykke om en gjeng som vil bli kjendisar, og har talkshow for seg sjølv. Det blir ikkje sendt på tv, men dei skaper eit samfunn der dei er kjendisar uten at nokon kjenner dei igjen i det vanlige samfunnet. Nærum sa på Først & sist at han håper det fins nokon som driv med dette på rett.

Velkommen etter, Nærum!
To unge frøkner, la oss kalle dei Marit og Gurid, har gjort dette i mange år allereie. Talkshowa finn alltid stad i ein fin sofa eller store ørelappstolar, og temaet er uten unntak kvinneg og kvinnegelategte spøgsmål. Så dette er regelrett plagiat av Knut Nærum!

Do-re-mi

På laurdag begynner semifinalene i Grand Prix, og det må vi sjå! MGP er ikkje heilt det samme som før, då heile familien benka seg framfor tv-en med heimelaga pizza. Sendinga gjekk samtidig på radioen, og far kobla til kassettspelaren slik at vi kunne ta det opp. Den sterkaste MGP-opplevelsen min er frå 1983, då Jahn Teigen vann med Do-re-mi. Det var den vakraste songen eg hadde høyrt i heile mitt liv, særleg fint var det litt ut i songen då Jahn improviserte over refrenget: Dooooooo-re-mi-fa-so, do-re-mi (mulig dette blei litt utydelig, men eg høyrer det klart inni hovudet mitt).
Den natta spelte eg songen om og om igjen mens tårene trilla.

Koredamene heitte Silhuette, og eg trudde eg skulle dåne då dei kom for å opptre på Strandadagane. Lystløgner som eg var, lurte eg venninnene mine til å tru at eg hadde møtt dei, og at vi hadde blitt bestevenninner. Eg skreiv til og med minne i minneboka mi som angiveleg var frå jentene i Silhuette. (Minne til Turid: Roser er røde osv. Hjertelig hilsen Nina)

Er forventningsfull til årets MGP, og håper på ein like sterk hit som Do-Re-Mi.

Wednesday, January 17, 2007

The return of Leonardo

Var på kino og såg The departed i går, med bl.a. Leonardo DiCaprio, Matt Damon og Jack Nicholson - og plutselig kom eg på kvifor eg var forelska i Leonardo for ti år sidan. Det var faktisk på nære nippet at han tangerte Michael Jackson på eit tidspunkt, men så blei han kvapsete fyllik, og då gikk det over.

No har han trent seg stram og fin igjen, og er heilt fantastisk som undercover cop i filmen. Eg er vanlegvis ikkje fan av actionfilmar, men denne var knallbra. Masse blod og gørr og moro i to og ein halv time.

Det Leonardo er aller best på, er å grine på film. Det blei litt lite av det i denne filmen, men han hadde tårer i augekroken eit par gonger i begynnelsen.

Topp tre Leonardo-gråteøyeblikk:
1) Netter i New York (desperat abstinensgråt)
2) Romeo og Julie (å nei ho er død-gråt)
3)...her må Mari fylle inn, klarer ikkje å bestemme meg.

Friday, January 12, 2007

Nynorsk vs. bokmål

Eg har alltid vore nynorskdame og sidemålsforkjempar, men etter at eg slutta på vidaregåande og flytta ut i det store bokmålslandet har det skjedd ting. Dei første åra tviheldt eg på nynorsken, så begynte eg å bruke bokmål i visse samanhengar. Plutselig, på uforklarleg vis, har det blitt sånn at eg skriv bokmål til vanleg og nynorsk i visse samanhengar. Korleis skjedde dette? Eg har heilt mista nynorskfølelsen, og må ofte tenke meg om før eg skriv eit ord. Det var veldig uvant å flytte til ei nynorskbygd igjen, men språket mitt har hatt godt av det. Denne bloggen skal i alle fall vere nynorsksone, så får resten forfalle. Heia Ivar!

Tuesday, January 09, 2007

Ut med det gamle, inn med det nye!

No står denne deilige skapningen midt i stova vår, og det føles plutselig veldig greit at den gamle tv-en konka. Er så vant til liten drittv at 32" virkar heilt enormt. Kabel-tv no, så blir det saker!

Monday, January 08, 2007

R.I.P.


LUXOR
2002-2007


Vår kjære Luxor sovna stille inn under Mikke Mus Klubbhus, etter eit kortare sjukeleie,
mandag 8. januar 2007. Han rakk aldri å vise premieren på Farmen, som vi alle hadde sett fram til. Luxor vil bli gjenvunnen av Nordfjord Renovasjon i morgon den dag. I staden for blomster til heimen, set vi pris på eit bidrag til ny og fin flatskjerm, helst før Grey's Anatomy.

Takk for alt.

Friday, December 22, 2006

Det var tider, det.

Det er ikkje så mange år sidan Mariah Carey var det store forbildet, og juleplata var det beste eg hadde hørt på lenge. Eg øvde og øvde på å synge akkurat dei trillane ho gjorde, og syntes nok eg fekk det ganske bra til. Mari må nok ha gjort det samme, for det var slik superduoen Unni & Gunni blei fødd - vi oppdaga at vi kunne akkurat dei samme sangane, på nøyaktig samme måte som Whitney/Mariah/Michael sang dei. Dette sparka i gang ein serie intimkonsertar, som var såpass intime at ingen fikk komme. Vi lessa Clavinovaen full med tente kubbelys, hadde tåredryppande introduksjonar til kvar song, og sang i vei med inderlig vibrato. Like greit at ingen hørte, dei ville ikkje forstå. Berre ein gong har det offentlege fått oppleve Unni & Gunni i herlig duett ("Hold me now", Johnny Logan), og då tok dessverre nervane oss litt på senga. Men vi veit sjølv kor flinke vi er.

Tuesday, December 19, 2006

Nok sutring!

No er det nok sutring om skrantande helse. Det har faktisk komt mykje positivt ut av denne kyssesjuka så langt, og meir skal det nok bli:
* Eg kan handle på nettet så mykje eg vil - må jo ha julegaver!
* Eg har stifta bekjentskap med mange fine medisinar eg aldri ville møtt uten kyssesjuka
* Eg har gått ned i vekt. Ikkje så rart, kanskje, når eg har ligge bom stille og ikkje ete på to
veker.
* Eg får lov å sove heile dagen
* Eg slepp å sminke meg
* Eg treng ikkje å vaske kle, går kun i pysj

Dagens höjdare er at eg no er i stand til å svelge heilt uten medikamentell hjelp, og at eg faktisk har på meg vanlige kle i dag (sjokk). Før du veit ordet av det, kan eg finne på å bevege meg ut av huset.

Friday, December 15, 2006

O smerte!

Nest etter fødsel, er kyssesjuka ein god nummer to når det kjem til smerte. Trudde liksom eg skulle sleppe unna med ei veke i senga, men den gang ei. No har eg vore sjuk i to veker, og har så sinnssvakt vondt i halsen som eg ikkje trudde var mulig. Gjorde den bommerten å ta ein titt bak i halsen min, og den eine mandelen ser så guffen ut at det er reint uapetittelig å ha den inni der. Eg har konstant smertestillande innabords, uten at det hjelp nevneverdig, og i natt sov eg sittande i sofaen på stova for å i det heile tatt vere i stand til å svelge.

I helga kjem mor og far på besøk, så då blir det vel litt trøst å få :)