Viss eg kallar Stranda heime, og Grandiosa er laga på Stranda, må det vel kunne kallast heimelaga pizza?
Friday, November 07, 2008
Resonnement
Viss eg kallar Stranda heime, og Grandiosa er laga på Stranda, må det vel kunne kallast heimelaga pizza?
Monday, October 06, 2008
Tallinntur med LIV 2
Thursday, September 11, 2008
Årets skuffelse

Kirk Franklin har alltid stått for meg som kongen av gospelmusikk, og tirsdag var det konsert. Det blei en nedtur av dei heilt store. Maken til klyse har eg aldri sett på ei scene! Han virka utrulig falsk på meg, og eg får alltid litt bakfot når nokon prøver å fortelle meg at så lenge du er kristen, er livet fantastisk heile tida. Alle andre sto med hendene i været og grein, mens eg titta meg forundra rundt (og sendte blikk til Mari...) og da alle i salen måtte holde kvarandre i hendene, tok eg veska mi og gikk. Too much. Har absolutt ikkje sansen for sånn karismatisk massesuggesjon som det han dreiv med. Veit at omtrent alle andre som såg konserten er uenig med meg, men det er greit.
Friday, August 29, 2008
Happy 50th!
Happy birthday, Michael, and thanks for the invite to your party. I'm really sorry, but I can't make it this year. There's something else I need to tell you as well... It was really sweet of you to send me that 5 ct diamond ring, but I can't accept it. I don't love you like that anymore, so please stop leaving messages on my phone. You'll get over me eventually, although I know it's hard. Hope we still can be friends. Enjoy your birthday!Monday, August 11, 2008
VM i sjøldigging
Monday, July 28, 2008
She's alive!
Tuesday, July 01, 2008
Monday, June 30, 2008
Tuesday, June 10, 2008
Tips til alle som har lyst til å drite meg ut
Skaff deg eit eksemplar av denne plata frå 1996, og spel av eit vilkårleg spor i min nærleik. Eg vil spesielt anbefale Mariah Careys "Love takes time", som du aldri har høyrt den før: I storbandversjon, og med Turid (19) på vokal. Akkurat som Mariah tenkte det, innbiller eg meg.Eg har ikkje orka å høyre på denne cd-en på omtrent ti år, men i dag fann eg den altså fram igjen, og sit aleine i sofaen og rødmer av skam. Det beste eg kan seie om mine prestasjonar som storbandvokalist, er at eg syng nokonlunde reint. Bortsett frå det, passa sjangeren meg svært dårleg. Men vi hadde det veldig kjekt! Höjdaren var opptreden på MoldeJazz eitt eller anna år, og eg kan framleis framkalle den nervøse kvalmen eg hadde rett før vi gjekk på scena.
Big Odd Band vart starta av Odd Fossum (= fantastisk ildsjel) i 1994, og han driv søren meg på enda. Takka vere han slapp vi unna mykje dårleg korpsmusikk på Sunnmøre. Mange av dei som har spelt i Big Odd, arbeider med musikk i dag.
No orkar eg ikkje å høyre meir.
Eg er forresten ikkje på bildet, så det er ikkje vits å leite.
Tuesday, May 13, 2008
For en gjeng!
Forrige laurdag hadde vi konfirmasjon for dette fine trekløveret. Dei går på Haug skole, som er ein spesialskule, og eg har fått vere med å følge dei gjennom ei ti veker lang konfirmasjonstid. Det er vanskelig å seie kven som lærte mest, eg eller dei. Sjølve dagen var akkurat som den skulle, med nervøse konfirmantar og spent familie, og sjølv om gudstjenesta var annleis var den både høgtideleg og veldig rørande. Fin gjeng :)Monday, May 05, 2008
Hjerteskjærande på mange nivå
Sunday, April 27, 2008
Dagens loppis-funn
70-talls keramikk er ganske fint viss ein har berre litt, og desse dumme skuleelevane som står og sel har ikkje vet til å ta seg betalt. Tre fine vasar for ein slikk og ingenting.
Denne kunne eg vel strengt tatt klart meg utan:
Men det aller, aller beste kuppet i dag kjem her. Gode, gamle Starlet! Fullt av gripande historier, lesardikt, testar og alt anna som var viktig på begynnelsen av 90-talet.
Det er meir der det kjem frå, eg fekk ei heil eske for 50 kroner. No blir det gøy å gå på do! Dessutan kjem eg aldri til å sleppe opp for ting å blogge om, det spørs faktisk om eg ikkje må ha ei fast Starlet-spalte
Thursday, April 24, 2008
Fine ting
Må berre vise fram dei fine krydderkrukkene mine, som eg fekk til jul. Eg har ikkje satt dei fram før no, for eg har ikkje visst kva eg skal ha oppi dei. Det veit eg framleis ikkje, men dei er så fine i seg sjølv at dei kan stå der og pynte opp litt.
Friday, April 18, 2008
Endelig!
Thursday, April 17, 2008
På tide med litt sjukdom igjen
Forrige torsdag kom ein lungebetennelse heilt ut av det blå og sneik seg inn i denne kroppen (her ser eg for meg ein sånn blå Ghostbusters-ånd som flyg gjennom lufta og går inn gjennom munnen på den første og beste). Fra å vere i tipp topp form, var plutselig Lilly heilt elendig, med feber og frostrier og ein CRP på 450 (for dei som er inne i terminologien). Det bar rett på sjukehus med far og barn, mens mamma kristna konfirmantar.
På sjukehuset hadde dei ei veldig kul pustemaskin, akkurat sånn som Line i barnehagen har, og den fikk vi låne. Lilly ville aller helst ha Linemedisin heile tida, men det fins grenser. Det skulle vise seg at lungebetennelsen var smittsom, og brått fekk eg rett i at det var dumt av Fredrik å ete opp resten av Lilly si halvtygde appelsin.
No er begge bra igjen, og vi prøver å ikkje tenke på at Murphy's lov har ein lei tendens til å forfølge oss.
Tuesday, April 01, 2008
Eureka!
Kanskje du synes illustrasjonsbildet er dårlig? La meg då få fortelle at det ikkje er den enklaste sak i verda å balansere eit telys på haudet (hadde ikkje lyspære tilgjengelig, men har eit veldig kult elektrisk telys på kontoret. Det gjer samme nytta.), ta bilde og samtidig sjå søt og intelligent ut. Her måtte søt og intelligent vike for lysbalanseringa. Alle som kjenner meg, veit at eg er over gjennomsnittet søt og intelligent uansett. Og ydmyk.
Thursday, March 27, 2008
På leit etter inspirasjon
Monday, March 17, 2008
Velkommen!
Sunday, March 16, 2008
Prinsesse uten smokk
Berre slapp heilt av, eg skal ikkje bli ei sånn som kallar ungane mine prinsesse i staden for det dei eigentleg heiter. Men i dette tilfellet passar det. Lilly har ønska seg så veldig Snehvit/Snow White/Snjovkveit-kostyme, så vi inngikk avtale om at ho skulle få det når ho hadde slutta heilt med smokk. Etter ti dagar med eit belønningssystem Super Nanny ville gått god for, bestemte vi at det var på tide med premie. Her er ho i slottet sitt, og eg kan love at ho føler seg fin!
Thursday, February 28, 2008
Nye kunstar
Wednesday, February 27, 2008
Tuesday, February 12, 2008
Liv & Røre
Det var høg kjendisfaktor, bl.a. kom han her og sang klissesongar for oss:
Høgdepunktet for meg var definitivt konserten med Samuel Ljungblahd og dei fantastiske koristane hans. Jubelen sto i taket frå første stund, og eg trur dei blei litt tatt på senga av den overveldande mottakinga.
I tillegg til å ha bra songar, fett band og utrulege stemmer, har Samuel & co. ein snodig og vittig koreografi. Kan ikkje forklarast, må opplevast.
























